Ridestevne på Tjernagel - 30.05.09

   
     
 

Laurdag 30. mai var det igjen ridestemne for ryttarane på Tjernagel. I strålande solskin blei det ein flott dag, kor både ryttarane og hestane fungerte bra i saman. Dei viste seg fram i gymkhana og sprangriding.

 
     
   
     
 

Som alltid stilla dei eldste ryttarane opp som hjelparar for dei yngre. Dei gjorde ein super innsats, slik at alle fekk ei fin oppleving på hesteryggen. Thea Vikse Nes, utkledd som ein kul pirat, stakk av med premien for beste kostyme.

Gymkhanaen var delt opp i 2 klassar etter alder, og i sprang hadde me i 60cm. og 80cm.

Resultat gymkhana gruppe 1.

Resultat gymkhana gruppe 2.

Resultat sprang 60cm.

Resultat sprang 80cm.

 

 
     
 

 
 
Stevnes yngste deltager får et par tips ;)
 
 
 
 

Det var mykje god riding, og med etter ei spennande omhopping mellom Irene og Nina i den høgaste klassa, stakk Nina av med sigeren her. Eg blir imponert over den sporty innstillinga til dei eldste ryttarane, alle blir heiet fram, små som store. Tusen takk for det!

Og takk til resten av publikum, og alle deltakarane. Takk for at dokker laga dagen så bra, både for store og små!